torsdag 17. mars 2011

Trulova!

I bilen på veg heim frå jobb tysdag, Jardar på farten til Oslo på kurs resten av veka.

Jardar: har du planer i helga?
Marthe: nei.
Jardar: Da drar vi på blåtur laurdag, er du med?
Marthe: (med litt ekornfryd i stemma) Okei!

Laurdags morgon, den 12.februar pakkar vi lett: skiutstyr, vintertøy.... badetøy! Marthe mildt forvirra. Gråtass maler som ein katt i det vi legg vegen sørover. Marthe har provisorisk blind for augene i det vi tar eit par ekstra runder i rundkøyringa på Klett. Pølsestopp på Berkåk, Marthe friassosierer i retning Oppdal, blir blid og undrande når vi svingar mot Østerdalen på Ulsberg. Etter nokre timar til putrar vi inn i skauen rett forbi Tynset. Det er skilta til campingplassar, hyttegrender....og sist men ikkje minst: Savalen Fjellhotell og Spa! Marthe er sprekkeferdig av begeistring, sultefora som ho er på luksuriøs romantikk frå likestillingskjæresten sin. Vel framme blir vi elegant innlosjert av den særdeles trivelige og fornorska slaviske resepsjonisten. Lunsjbuffeten er open og vi meskar oss med næring medan vi har panoramautsikt over perfekt vinterlandskap krona med sol frå blå himmel. Det er ikkje blå ekstra skiføre, det er ikkje ein gong blåføre, men på grensa til grønnføre!

Vi spenner på oss skia og knirkar innover i dalen. Det er nydelig, kaldt, vi er glade og har hjartene våre høgt i bringa! Eg gjev på litt ekstra idet vi har gått oss gode og varme. Drar frå den spretne meditasjonsskiløperen med eit lite Northug-rykk. Så kjem eg ut av skogen og landskapet opnar seg til ei bomullsdekt myr. Midt på stoppar eg for å kjenne etter om sola varmar i det ho står lavt over tretoppane midt imot. Det gjer ho, men synet av Marthe varmar meir. I det ho kjem mot meg skjønar eg at no skal eg spør. Eg blir litt skjelven og tar imot henne med utstrakte armar som famnar heile verda der på myra, i skisporet.

Jardar: du..... Vil du gifte deg med meg? (stemma sprekk nesten, det er sterkt, det skjønar du ikkje før du faktisk gjer det)
Marthe: DU SPURTE!!!!! (sprekkeferdig, etterfulgt av den hjerteligaste latteren eg nokon gong har høyrt, ler LENGE)
Marthe: Ja, det vil jeg

Så gjekk vi ferdig Lomsjørunden, eller Forlovelsesringen som den no heiter; midt i vinterens snøeventyr. Lukkelige og fnisete som smårips med sukker. Og is.

4 kommentarer:

  1. jeeee! :-) klump i halsen og hjarteleg glad!

    SvarSlett
  2. GRATULERER!!!!! Så utruleg stas!!

    SvarSlett
  3. for en fin fortelling, i Jardar-stil; med gode ord om store løfter og følelser i helt vanlige omgivelser. Hurra for Marthe og Jardar. gleder meg til å feire dere!

    SvarSlett
  4. Vakkert! Det er så BRA at de skal gifte dykk!!!

    SvarSlett